lørdag 22. mars 2014

Oppgave 2, Film og Digital Video, Fagformidling i filmarbeid

I ei oppgåve på Høgskulen i Telemark, skal me presentere ei av dei andre oppgåvene me har arbeida med på bloggen okkar, dermed kjem dette innlegget her.

Eg har veld å presentere oppgåve 7, om TV-mediet.

REPORTASJE 

I denne oppgåve kunne me velje mellom to forskjellige oppgåver. Eg velde del A, som høyrast slik ut:

Velg eit nyhetsoppslag ifrå ditt nørmiljø på nrk.no/norge/ (Distrikt).
Gi ei beskriving av nyheitsoppslaget:
Fakta (sendt, dato, lende, tema, tittel)
Antall klipp
Antall sekvens
Kameravinkel, bildeutsnitt mm.
Bodskapet
Dei berørte 
Konklusjonen
Ana
-Velj eit aktuelt tema og lag eit nyheitsoppslag ifrå ditt nærmiljø som eignar seg for distriksendingsformatet.
-Kommenter medstudentars oppgåve i læringspartnergruppa

Eg er glad i å filme fakta. Eg likar å filme noko som er verkeleg, og som er sant. Og dette trur eg eg kjem til å arbeide meir med i framtida. I tilleg har eg fått stor interesse for å følgje med på nyheitar, ikkje  berre for å få med meg nyheitane, men for å sjå korleis dei legg fram informasjonen dei skal formidle.

BESKRIVING AV EIT NYHEITSOPPSLAG

Fyrst skulle eg beskrive eit nyheitsoppslag. Eg velde å beskrive eit nyheitsoppslag som omhandla gravide som tek private ultralydar; http://www.nrk.no/video/gravide_tar_privat_ultralyd/C54EC786282C375A/emne/graviditet/

Eg leita fram faktainformasjonen og telde klipp og sekvensar mens eg såg dokumentaren. Eg måtte sjå filmen fleire gonger for å få med kva der fants av kameravinklar, bildeutsnitt osv. Bodskapet forteljer om det aukande talet på bestillingar av private ultralyd-timar. At desse ultralydane kan vere eit teikn på for mykje bekymring hos mødre, og samstundes bli ein tryggheit for foreldre å nytte seg av. Dei rørte er konkret denne kvinna som er inne til privat ultralyd, og mannen som sitter ved sidan av. Men me kan og sei at dei rørte vert alle kvinner som er, har vore, eller ynskjer å bli gravide, og deira partnarar.

Reportasjen baserar seg på fakta. Det er gode opptak, og me forstår samanhengen og handlinga. Det er variasjon mellom klipp og forteljer som gjer at me følgjer med. Den hadde vore veldig keisam om me berre hadde fått opplysningane frå ein mann som snakka i same rom, i same kameravinkel og i same stemmeleie.

Alle desse tinga er ting eg måtte tenkje på når eg skulle lage min eigen lille reportasje.

EIGEN REPORTASJE

Fyrst og fremst var det ikkje enkelt å finne noko å filme. Eg bur langt ut på landet, kor det skjer svært lite. Difor måtte eg tenkje ut noko eg kunne filme heime på garden. Heime hadde det kome ein kalv den siste veka, og eg bestemte meg for å filme denne kalven og fortelje om vårteikn.

Dette var mykje vanskeligare enn eg hadde tenkt. Dyr er nemlig ikkje så forutsigbare som ein skulle tru. Og det viste seg at mammakua var svært redd for kalven, og haldt seg stort sett på avstand. Eg måtte difor nytte tele-linse. Tele-linse fungerar enkelt sagt som ein zoom for kameraet, og gjer at du kjem mykje nærare motivet du skal filme.



I tilleg fekk eg bonden til å vere med å dokumentere vårens signal. Då oppdaga eg kor mykje eg styrer i forhold til kva som skal skje i sjølve reportasjen, og kva eg vil ha fram. Om du ikkje kjenner dei du skal filme, kan det nesten vere litt pinleg i starten, for du må jo fortele personen litt kva han skal gjere, eller i alle fall kor mange gonger det må bli gjort. Så bonden måtte eksempelvis ta kaffekoppen opp og ned ifrå munnen fleire gonger, slik at eg fekk det til å sjå ekte ut når eg klippa det til i etterkant. Med ekte, menier eg at når eg fyrst hadde nærbilde av han som drakk ifrå koppen og satt den ned, og i tilleg ville eg ha nærbilde av når han satt ned koppen. Difor måtte eg ha to perfekte klipp, som såg ut som det skjedde i ei handling.




Reportasjestemmen er mest eit eige kapittel. Eg måtte tenke korleis eg la tonefallet, og kor eg hadde mikrofonen på meg sjølv for å få det til å høyrast genuint ut.

I filmbehandlinga bruka eg Adobe Premiere Pro, som er eit filmredigerings program som fungerar godt. Eg kan lett klippe fram og tilbake, og ta vekk lyd eg ikkje ynskjer, og forlenge lyd ut i andre klipp. Eg bruka filter mellom lydklipp til forskjellige filmklipp for å få ein glidande overgang, i tilleg hadde eg eit filter på stemma mi for å døve den litt ned slik at den høyrast konstant ut, utan ekko.

I Premiere er der mogleheit for å leggje til "titlar". Eg la til ein firkant som skulle representere ein logo for eit filmselskap, og etter denne la eg til namn, og tittel på person. Foreksempel kom denne fram då bonden snakka med namnet hans over, og tittelen "småbruksbonde" under.




Eg har framleis utruleg mykje å lære i forhold til filmopptak, lydopptak og redigering. Men eg lærte utruleg mykje av å berre gjere det.

Eg såg i etterkant at eg burde hatt meir av reportasjestemmen som fortelde noko meir mot slutten. Det verker som den sluttar litt for kjapt. Dette skal eg hugse til neste gong, så det ikkje vert noko tomrom.

Her er linken til filmen på Youtube:
https://www.youtube.com/watch?v=hxVDlC6J3kc&feature=youtu.be

2 kommentarer:

  1. Bra at du presenterer oppgaven helt i starten. Den vil sette ditt innlegg i en studiefaglig kontekst. Innlegget er rikt på innhold og illustrasjoner (skjermbilder fra filmen). Bra at du legger også link til din egen film. Du bør bruke tid å lage kategorier på din blogg og skrive stikkord under dine innlegg.
    Lykke til!

    SvarSlett
  2. Hei Malen!

    Så flink du er til å oppdatere bloggen din!

    Dette innlegget er veldig utdypene og fint skrevet, og for meg som Oslo-jente er det jo ekstra gøy at det er på nynorsk. Masse fine bilder fra filmen, man kan på en måte se filmen uten å se den. Jeg ser du har link til filmen, men du kunne kanskje lagt den inn på slutten av innlegget. Fint at bildene kan forstørres :)

    SvarSlett