torsdag 24. oktober 2013

Signalbygg, Ørneredet

Me fekk i oppgåve å ta eit dokumentarisk, og eit estetsik bilete av eit signalbygg i lokalsamfunnet vårt. Fyrst tenkte eg, som normalt er, kyrkje, kommunehus, skule, osv. Men så, tenkte eg, ØRNEREDET. Og då fekk eg lyst til å fotografere :)




Her kjem oppgåve-teksten eg og leverte inn samstundes med bileta. Me må skrive litt om oppgåve når me leverer. 


Ørneredet


Bjorevja er eit lite lokalsamfunn, med ca. 25 beboarar i aldersgruppe mellom null og åtti år. Langt inn i landet, og endå lengre inn i skogen finn du denne lisle plassen, og på ”kanten” av staden, ut med Nidelva, ligg ”Ørneredet”, som min eldre bror kallar det. Han var byggmester på plassen då han var ni år i 1998, og satt opp hytta ilag med andre arbeidskollegaer i nabohusa. 

Hytta signaliserer for okk i Bjorevja, (og også for dei som ofte vitjar Bjorevja), ei barndomstid som har vore, eller for nokon, ei barndomstid som er. Nå er hytta under renovering av nabogutten på 11 år.

DOKUMENTARISK BLIKK:
ISO 400, BLENDER 8,0, LUKKER 1/160

Eg har vald 8,0 i blender. For meg er dette noko eg kallar ”medium size blend”. Fordi den er midt imellom på skalaen. (Det kan vere eg tenkjer heilt feil;))
Eg nytta det i og med at det ikkje er eit veldig djupt bilete.  

Eg nytta lukkertid på 1/160, for å få eit skarpt bilete av fokusområdet utan å måtte nytte stativ.

Eg fulgte med på indikatoren på kameraet, og fann ut at dette skulle fungere.

ISO på 400 vert vald i og med at eg fann dette finast i augenblinket. Men eg er framleis svært amatør på dette, og valde ein safe middels ISO no i fyrste runde.

Eg har tatt biletet på litt avstand ifrå bygget, for å få eit heilheitlig inntrykk av korleis bygningen ser ut, og også fordi eg tenkjer at eit dokumentarisk bilete ofte er framstilt slik.

Eg har vald å sette motivet i midt, men eg har også tatt med det som ligg på bakken omkring bygget. Her ligg det ein stige, og masse plankar, som tydar på at noko har skjedd, eller skjer her.

Der ligg ei ”plate” med plankar i venstre midt i bildet, som drar deg inn mot bygget. Trea er med på å gi bygget den horisontale konstrukturen, og sjølve bygget blir mindre i botnen på grunn av at plankene er spikra etter treets form.

For meg er photoshop ei utfordring. Men eg har mestra å nytte kontrastendring og ljosendring i dette bildet. Eg har også forandra kulør/meting, og fått eit grønare gras, for å gi eit bilete den følelsen eg hadde då eg gjekk der. Frodig, friskt og barnleg tykkjer eg. Eg tykkjer og at bygget ser litt slitent  og forlatt ut på dette biletet.


ESTETISK BLIKK
ISO200-  BLENDER 5,6-  LUKKER1/60

Her har eg nytta ISO på 200 for det tykkjer eg vert fint, og det er nok ein type safing for meg no i starten for å sikre bilete utan digitalt støy.

Eg har på dette biletet vald ein ganske stor blender på 5,6 som gjør bakgrunnen uklar, og fokuserer på detaljane eg vil ha fram; gitteret, trekonstruksjonen/trefibra, og spikra.

Lukker er på 1/60, heilt på grensa til at eg burde tenkje på å nytte stativ.

Eg har i photoshop oppdaga noko nytt, nemleg at eg kan forsterke enkelte fargetonar i biletet. Eg ville få fram skogens farge, og kjensla av frodig mark, og difor forsterka eg grønfargen du ser bak gitteret.

Dette biletet tykkjer eg viser korleis det kjenns når du byggjer ei hytte som liten. Korleis du finn løysingar på vindaug(gitter), og korleis spikra er bøygd for å halde det fast. Også spikeren som stikk ut til venstre i vindauge tyder på at barnehender har vore på ferde.
Eg likar bilete som gjer meg ei kjensle av korleis motivet er å ”ta på”. Korleis dei kjenns ut i verklegheita. Og det er noko eg prøvde å få fram her. Korleis kjenns det rue treet? Korleis kjenns spikaren som stikk ut? Og korleis kjenns gitteret?

Dette biletet har veldig rette former. Gitteret er horisontale og vertikale linjer, plankene er horisontale og vertikale, og spikeren som stikk ut er vertikal. Likevel ser ein at det er litt bøyg på både tre og metall, som gir ei kjensle av beveging.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar