torsdag 24. oktober 2013

Skjermbilde til Facebookprofil

Her kjem det fyrste innlegget mitt. Me fekk i oppgåve å illustrere noko til facebook. Eg er då ikkje svært nøgd med den, men ut på bloggen skal han jaman med kome. Adobe Illustrator.


Eg kan jo fortelje litt, no som du sjølvsagt har studert framsidebiletet, som er eksepsjonelt vakkert, opp og ned i nokre minutt. 

Eg har tatt med dei forskjellige foglane som me "alle" kjenner til ifrå kvardagen. Dove, Lago, Freia, Angry Birds, og fuglen ifrå Donald-filmane, som då skal forestille meg. (Ein aldri så vimsette, og til tider irriterende person.) Eg har nytta Hollywoods font til teksen "Det er ikkje lett å vere foggel idag", som skal bety at det er ikkje lett å vere seg sjølv idag. Og der kjem resten av foglane inn, der er så mykje påverknad ifrå media og produkter, at me mister av og til kjerna i oss sjølv. Ihvertfall eg. Hollywood-fonten skal vere med å forsterke budskapet om påvirking utanfrå. 

Dette er nesten det fyrste eg har laga i Illustrator, (laga ei banan i starten av studiet), og eg må sei at PEN-TOOL ikkje har vore ein enkel sak. 

Fargane i illustrasjonen ser eg i ettertid, at etter mi meining er heilt på tryne. Kva tenkte eg på? Men, dog, kanskje det fangar opp nokon barnlege sjelar?

Takk for meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar